Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sylvelin Vatle: Ramna-Floke

Illustrasjon: Sveinbjörg Hallgrímsdóttir
Det Norske Samlaget

Hovudpersonen i Ramna-Floke og familien hennar må flykte frå heimbygda, over havet til eit nytt land. Det er ikkje trygt å bli buande, meiner far hennar. Han kan ikkje lenger seie kva han vil i sitt eige hus, og han fryktar angrep frå styresmaktene. Det kunne ha vore ei forteljing om båtflyktningar i våre dagar, men den forteljinga Sylvelin Vatle har skrive, handlar om vikingar på 800-talet, på flukt frå Harald Hårfagre.
Vatle er ein variert og utforskande barnebokforfattar. Ho har skrive dikt om agurkar, biletbok om nissar, realistisk dagboksjanger og heseblesande fantasy. I haust har ho altså slått til med ein historisk roman, basert på den islandske Landnåmaboka.

Historia tek utgangspunkt i ei segn om korleis vestlendingen Floke i si tid gav Island namn. I Ramna-Floke er handlinga konsentrert om dottera Ingeborg, om hennar eventyr og opplevingar på overfarten frå Noreg til Island. Ferda dei legg ut på er lang og farefull, og det nye landet ugjestmildt og skremmande, men heldigvis er det kjærleik å finne i dei mest ekstreme situasjonar. For lesaren blir boka dermed eit møte både med gjenkjennelege tenåringskjensler og ein framand naturmystikk og historisk kontekst.

Namnet Ramna-Floke fekk far til Ingeborg fordi han ifølgje segna fann Island ved hjelp av tre ramnar. I Vatle sin versjon tilhøyrer dei tre ramnane Ingeborg og hennar to søstrer, og på same måten som berre ein ramn fann land, er det berre Ingeborg som kjem seg over havet. «Geirhildramnen», «Toraramnen» og «Ingeborgsramnen» er eit godt døme på korleis forfattaren utnyttar førelegget sitt på spennande måtar.

Illustratøren Sveinbjörg Hallgrímsdóttir og forfattaren er begge medvitne om den blandinga av historie og segn dei formidlar, og det blir understreka ved at dei vidarefører sagastilen. Hallgrímsdóttir har laga vignettar og heilsides illustrasjonar som minner om tresnitt, og Vatle har ein poetisk og knapp stil. Ramna-Floke er slik ei heilstøypt utgiving.

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12