Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Terje Torkildsen: Dystopia 1+2

Terje Torkildsens Dystopia 1+2 er første halvdelen av ei spaningshistorie som er lagd til året 2014. Ein gjeng 17-åringar er på klassetur i England då det utenkjelege skjer: Med ei enorm flodbølgje i Nordsjøen byrjar eit ragnarok ingen har sett sidestykke til.

Naturkatastrofen, som nett har skjedd då forteljinga byrjar, har fått fatale konsekvensar for millionar av menneske langs kysten mot Nordsjøen. Det heile utviklar seg til ein kamp for å overleve som er hakket meir strabasiøs enn ein handlelaurdag på Oxford Street i London. Det er unntakstilstand, flyplassane er stengde, og landet er mystisk nok hermetisk lukka av militæret.

I kaoset som oppstår i ettertid, fell mange ifrå, også lærarane i klassa. Korleis skal ein handfull tenåringar med ulik bakgrunn og temperament klare å redde seg heilskinna ut av situasjonen?

Torkildsen skriv fantasifullt om alle dei ulike hindra ungdomane møter på vegen ut av uføret, og korleis dei vel å løyse dei. Dramaturgien er mange stader over stokk og stein intensiv, noko som gjer bøkene svært lettlesne – om lag som ein thriller. Her kjem uføresette utfordringar hurtig på samleband, og forfattaren har freista å gå inn i korleis 17-åringar tenkjer. Stilen  har ein nokså munnleg og ungdommeleg karakter.

Lesaren får ikkje nøyaktig kunnskap om kva som er grunnen til tsunamien, eller kva som har skjedd i verda i åra fram til 2014. Likevel blir dei historiske klimaendringane frå seinare tid indirekte problematiserte, og forfattaren spør om ikkje tsunamikatastrofar med episke dimensjonar (eller andre ulukker, slik som td. atomulukker) også kan skje her hjå oss og ikkje berre i det indiske hav.

Naturkatastrofen opnar også opp for ein psykologisk studie i ekstreme påkjenningar. Gong på gong vert det vist korleis ungdomane reagerer på å måtte yte over tolegrensa, fysisk og psykisk: Dei må bryte seg inn i hus for å unngå å fryse i hel; stele køyrety for å kome seg nokon plass; drive jakt og fiske for ikkje å svelte i hel, og drepe for å unngå å bli drepne. Alle utfordringane understrekar  kor viktig det er å samarbeide om eit felles mål, nemleg å overleve og å kome seg vekk frå England.

Men om dei kjem seg frå England velberga, er det jo ingen som veit korleis resten av kystlinja langs Nordsjøen ser ut.

Desse to dystopiske bøkene er ein del av ein fireboksserie, og høver nok best for spaningshungrige og utolmodige lesarar i alderen 14–17 år.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12