Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Asbjørn Rydland: Med eld i hjartet

I den andre boka i serien om Drakeguten dreg Koll til byen Vilkafjord for å motta dusøren for å ha nedkjempa Olvar Reveskinn. Der vert han vikla inn i storpolitiske maktkampar, og han får snart ein leigemordar i hælane. Slik vert Koll på ny tvinga til å utforska og ta i bruk drakeelden og kreftene frå Nordavinden, krefter som fører både godt og vondt med seg.

Rydland skriv godt og poetisk. Forteljinga har eit enormt driv i seg, og miljøskildringane skaper eit stort og truverdig univers. Det at Rydland har arbeidd lenge med dette universet i rollespelsamanheng, gjer at det finst ein godt utvikla mytologi, historikk og geografi bak forteljinga.

Kor byen eigentleg stamma frå, var det ingen som visste, hadde far hans fortalt for lenge sidan. Då tåka fløymde over verda for ein halv mannsalder sidan og kasta om på både land og menneskeliv, dukka det som no var kjernen i Vilkafjord opp ved utløpet av Innhavet.

Me skjønar at fiksjonsuniverset til Rydland er større enn berre det som er med i denne forteljinga. På det viset vert dialogane og miljøet meir levande, og me trur på det universet han skildrar.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker