Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingunn Thon: Ollis

Illustrert av Nora Brech

Mykje har endra seg heime hjå Ollis. Ho har fått ein veslebror og mamma sin kjærast har flytta inn. Ollis likar ikkje han noko særleg. Ollis har ikkje treft far sin, Borgefar, sidan ho var lita jente. Mor hennar har fortalt henne at han ikkje er meir, men kva tyder eigentleg det. Er han død, eller er han i live?

Heldigvis har Ollis ei bestevenninne, Gro, som bur like i nabohuset. Ho er tøff og uredd, og ho græt aldri.

Ein dag Ollis og Gro bestemmer seg for å utforske Bjørkeskogen, kjem dei over ein nær gjengrodd sti som er merka med eit forfalle stopp-skilt. Lenger inne finn dei ei gul postkasse, tilsynelatande tom. Men plutseleg hører dei ein svak lyd frå postkassa, schwoipp – klakk – klidindag, og i neste augeblikk er der post.

Dette blir starten på eit spennande eventyr. Dei møter Borgny, ei sprø og litt skremmande dame som har budd åleine i Bjørkeskogen heile livet. Kanskje har ho svaret på mysteriet som er den gule postkassa. Men det er ikkje alltid like lett å snakke med ein person som har vore så mykje aleine som Borgny.

Hjå Borgny finn Ollis teikn på at Borgefar er i live, noko som sender ho vidare på eit spennande og farefylt eventyr.

Ollis er ei fengjande forteljing som får deg hekta etter berre nokre sider. Det er ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot. Her finn ein mykje humor, kvardagslege utfordringar og alvor om kvarandre, presentert gjennom eit fortryllande og detaljrikt språk.

Dei flotte illustrasjonane, enn om dei er få, er ei klar vidareføring av det leikne språket og hjelper fantasien til lesaren på veg.

Boka finst også som lydbok.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12