Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sumaya Jirde Ali: Ikkje ver redd sånne som meg

Sumaya Jirde Ali er fødd i 1997 og er norsksomaliar, muslim, kvinne og bodøværing. Dette er utgangspunktet hennar for dele historia si med oss.

Ho fortel om korleis det var å komme til Noreg som femåring, og korleis det var å begynne på skolen. Ho seier ho var naiv som trudde ho var som alle andre. I fjerde klasse begynte ho med hijab, sjølv om mora hennar meinte ho var for ung. Då starta vanskane med ein gut i klassen som stadig reiv denne av ho.

22. juli 2011 bad ho om at terroristen ikkje måtte vere muslim. Det var han ikkje: «Eg ville føle meg som ein del av det store «vi» i samfunnet, sjølv om eg visste at andre ville meine eg var ein av «dei andre»». Først seinare forstod ho kor øydeleggande 22. juli var for ho, at ho kjente skam og skuld og såg på seg sjølv som eit «problem». Ho opplever at det ikkje var mogleg å diskutere hatet mot muslimar i etterkant. Ho veit ikkje lenger kven ho er.

Sumaya Jirde Ali fortel om første gongen ho opplevde ein mann som bad ho dra heim der ho kom ifrå. Ho fortel om smerta ho opplevde når folk rundt ho brukte ordet «neger», og ho fortel korleis ho strevar med å passe inn ved å fornekte seg sjølv og vere utsett for ei stadig testing frå klassekameratar.

Då Sumaya blir atten, skriv ho det første lesarinnlegget sitt og blir etter kvart ein samfunnsdebattant. Ho får mange positive kommentarar, og det hjelper på sjølvtilliten. Samstundes opplever ho å ikkje bli tatt på alvor fordi ho kjem frå Somalia, og fordi ho blir tillagt ein status som «gjest». Ho får også ufyselege hatmeldingar. Til slutt fortel ho korleis ho sjølv blir sjuk av all hetsen.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker