Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Malin Hellebø og Camilla Kuhn: Dyras beste sjekketriks

Du kjenner kanskje til korleis hundar i nabolaget snusar på kvarandre for å verte kjende og for å kanskje sjekke om det er løpetid? Kanskje har du også høyrt ropa frå ein hjort i brunst, eller lagt merke til den våryre kvitringa frå fuglane. Men har du nokon gong tenkt over korleis strutsane nærmar seg kvarandre? Eller edderkoppen, gibbonapa eller bøylepingvinen? Heile 14 dyr sine sjekketriks vert presenterte i ord og bilete i denne boka, på energisk og humoristisk vis. Både insekt, amfibiar og pattedyr vert skildra, og boka er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12