Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske: Barnebibelen

Leitar du etter bibelforteljingar som kan eigne seg til høgtlesing eller til undervisning? Då kan Barnebibelen vere ei høveleg kjelde. Historiene i Bibelen høyrer til kulturarven vår, og dei er blitt fortalde i hundrevis av år. I denne utgåva finn du kjende tekstar frå både Det nye testamentet og Det gamle testamentet. I tillegg får du også meir ukjende forteljingar som til dømes forteljinga om Sulamitt og kjærasten. Det ser ut til at forfattaren har lagt vekt på å vise fram kvinnene i Bibelen.    

Språket i forteljingane står i stil til illustrasjonane, dei er skrivne i eit moderne nynorsk, og er lette å forstå. Dei skildrar hendingane slik at barn skal kunne forstå dei. Også vanskelege historier som der Abraham skal ofre Isak, er tekne med, men urovekkande detaljar om ofring er utelatne. Det same kan ein seie om skildringa av krossfestinga. Vi får nok detaljar til å vite kva som skjer, og forteljinga dveler ikkje ved valdsskildringane. Likevel er det nok best at yngre barn får sjanse til å undre seg saman med ein vaksen over desse forteljingane.     

Boka står fram som fargerik og barnevenleg, og dei friske illustrasjonane gir assosiasjonar til teikneseriar, rett nok utan snakkebobler. Nokre stader er det teke med lydhermande ord som «Grrr». Illustrasjonane gjer at boka kan eigne seg til yngre born, samstundes som dei også gir forteljingane eit naivistisk preg. Illustrasjonane er kanskje annleis enn det vi er vane med i barnebiblar. I det heile er det lite høgtideleg ved denne barnebibelen. Boka kan nok høve godt å lese i godstolen med eit barn på fanget, der ein kan ha mange gode samtalar ut ifrå tekstar og bilete.  

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6