Anders Totland: Katastrofedagbøkene – Hamstertrøbbel

Samson er 9 år og hamnar i mange rare situasjonar. Dei skriv han om i dagboka si, som me er så heldige at me får lese. Eller: Strengt teke får me jo ikkje det, for boka startar med ei åtvaring om at det ikkje er fint å lese andre sine dagbøker.

Dette er den første boka i serien Katastrofedagbøkene. Serien byr på mange innblikk i det som går litt på tverke i Samson sitt liv, skrive med ein god dose humor.

Denne gongen er det ein hamster som lagar trøbbel. Storesøstera til Samson får ein hamster til bursdagen, og Samson vil smugvise han til bestevennen Alva mens søstera er på skulen. Men så ligg hamsteren der og ser heilt daud ut.

I panikken kastar dei han i bosset, og så oppdagar dei akkurat litt for seint at hamsterar kan gå i dvale. Dessverre kjem bossbilen før dei får fiska han opp att, så her er det duka for bossbiljakt.

Katastrofedagbøkene passar for barn i alderen 6–9 år.

Utdrag frå boka:

 

 

Kategoriar

Fleire boktips

Bok Dovendyr_forlag: Samlaget
6–9
6–9
Oppdrag romvesen 2
6–9
Kåre og Marimba finn ein oppfinnar
3–6