Anders Totland: Katastrofedagbøkene – Skandale i skitrekket

Skandale i skitrekketSamson er 9 år og hamnar i mange rare situasjonar. Dei skriv han om i dagboka si, som me er så heldige at me får lese. Eller: Strengt tatt får me jo ikkje det, for boka startar med ei åtvaring om at det ikkje er fint å lese andre sine dagbøker.

Samson skal på klassetur til skitrekket, men det går på ingen måte etter planen. Det skjer seg allereie i bussen om morgonen. Samson et så mykje ostepop at han spyr, og det skjer dessverre i sekken der både læraren sin PC og Alva sin bamse ligg. Alva må ha bamsen for å få sove. Korleis kan ein gjere noko slikt godt igjen?

Ein gut som Samson er heller ikkje skapt for ein dag i skiløypene, for å seie det slik.

Dette er den andre boka i serien Katastrofedagbøkene. Serien byr på mange innblikk i det som går litt på tverke i Samson sitt liv, skrive med ein god dose humor.

Katastrofedagbøkene passar for barn i alderen 6–9 år.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Bok Dovendyr_forlag: Samlaget
6–9
6–9
Oppdrag romvesen 2
6–9