Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Anna R. Folkestad: Bålbaluba

Besta og Bo er på tur. Dei skal grille pølser, og lagar eit fint bål med steinar rundt. Når det er på tide å tenne på, finn Besta ut at ho har gløymt fyrstikkene! Korleis skal dei klare å grille pølser da?  

Bo finn fram forstørrings-glaset sitt. 

Besta vil bruke pinnar. 

Besta snurrar på pinnen.  

“Du må snurre veldig fort for å lage eld.” 

Bålbaluba er den femte boka i Leseland-serien om Besta og Bo, og som vanleg går ikkje alt heilt som planlagt. Her er det mange komiske element, men også viktige tema som vil kunne vera gode utgangspunkt for samtalar om bruk av open eld, årsaker til eld, miljøomsyn m.m. Illustrasjonane til Anna R. Folkestad har som vanleg eit strålande samspel med teksten, og boka eignar seg like godt på ei storbarnsavdeling i barnehagen som til bruk i småtrinnet i skulen. 

Leseland, nivå 1.

Fleire boktips

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn
6–9
Ingrid Z. Aanestad og Sunniva Sunde Krogseth: Berre mor og Ellinor
3–6
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til
3–6