Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Anna R. Folkestad: Pyntepanikk

Endeleg ei julebok med Besta og Bo! Jula nærmar seg, og det er på tide å pynte i huset til Besta og Besten. Dei finn fram dorullnissar og julelys og pyntar treet, men Besta får ikkje heilt julestemning.  

“Noko manglar”, seier Besta. 

“Vi kan bake julekaker”, seier Bo. 

“Peparkakehus!” 

Peparkakehuset treng glasur. Mykje glasur. Med så mykje melis i lufta, er det duka for eit lite uhell i kjend Besta-stil. Pyntepanikk er den sjette boka i Leseland-serien om Besta og Bo, og vil vera fin å bruk i førsjulstida.

Teikningane er detaljrike og fulle av humor for store og små, og denne lettlesne boka eignar seg like godt på ei storbarnsavdeling i barnehagen som til bruk i småtrinnet i skulen. 

Leseland, nivå 1. 

Fleire boktips

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn
6–9
Ingrid Z. Aanestad og Sunniva Sunde Krogseth: Berre mor og Ellinor
3–6
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til
3–6