Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Berit Rødstøl: Frøppeldunk

FroppeldunkIllustrert av Christian Fjeldbu

Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk. Det er alltid mykje laks i elva ved campingen, og mora gler seg til å fiske. Ea er meir interessert i den store fossen som gjer at det alltid er ein regnboge i skinande fargar på himmelen. Det er Hagbart som driv campingen, og Ea og mora ser fram til å treffe han og dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: Fossen er tørr, og alle fargane forsvinn. Bokstaveleg tala. Ein etter ein forsvinn fargane frå Frøppeldunk og landskapet rundt.

Korleis i alle verda kan det ha seg? Kjem heile verda til å bli grå? Kven, eller kva, er det som gjer at fargane forsvinn? Ea og ferievennen Lars startar ei intens jakt etter løysinga. Alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involverte i mysteriet.

Frøppeldunk er ei eventyrleg og surrealistisk forteljing om miljøvern og vennskap. Dei særeigne illustrasjonane utfyller teksten og inviterer lesaren heilt inn i den fantasifulle verda kring Frøppeldunk.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6