Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Spring!

Erna Osland: Spring!Denne boka inneheld sju korte forteljingar om ein gut som heiter Arild. Han er redd for å lese høgt på skulen. Når læraren ber Arild lese høgt, så slår hjartet hans fortare. Han vil berre springe derifrå, men kven spring han til då?

Venskap mellom barn og eldre er eit sentralt tema i Spring! Sjølv om Arild synest lesing kan vere utfordrande, så løftar desse historiene fram at Arild har så mange andre gode eigenskapar som vert sette pris på av dei rundt han.

I Spring! kan ein lese ei og ei av dei korte forteljingane, eller ein kan lese forteljingane som ei lang historie om Arild. Boka er lettlesen og er illustrert av Per Ragnar Møkleby.

Forteljingane i Spring! er fine å lese saman. Dei kan opne for gode samtalar mellom barn og vaksne.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
lettlesne bøker
Frost
3–6