Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Ida Neverdahl: Floke 3 – verdas ende

Med Floke 3 – verdas ende avsluttar Ida Neverdahl den elleville og fantastiske teikneserietrilogien om Floke Skrufson, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd.  

I dei to førre bøkene fekk Floke i oppgåve å redde verda frå ragnarok. Han har lagt ut på ei lang reise for å varsle Odin om at verdas ende er nær. I den siste boka kjem Floke og vennene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Her får dei samtale med Odin. Det vil seie, først må dei vinne over Odin i eit heseblesande kappløp med rullebrett, rulleskøyter og sparkesykkel over Bivrost, regnbogebrua som bind saman gudeverda og menneskeverda.  

Odin let seg ikkje skremme av meldinga til Floke om verdas ende, og han sender Floke og vennene tilbake dit dei kjem frå. Dei reiser tilbake, men når dei tre hanane tek til å gale, i Midgard, Åsgard og i Hel, veit Floke at Ragnarok er i gang. Floke oppsøker først kunnskapsbrønnen og deretter nokre hjelpsame dvergar for å få hjelp til å avslutte Ragnarok.  

I Floke møter vi mange av dei mest kjende karakterane frå dei gamle gudeforteljingane. Bøkene er fulle av leikne referansar til både norrøn mytologi, vikingtida og dei norske folkeeventyra. I teikneserien om Floke er det ikkje først og fremst historia som skapar lesaropplevinga, men den kreative og leikne utbroderinga av hendingane, karakterane og utfordringane som Floke og kompani møter på reisa.  

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben
6–9
Leonard Weisgard: Pelikan her, pelikan der
3–6
grøssarar