Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen

Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen Det er den siste kvelden før Jakob skal tilbake på skulen etter sommarferien. Han dusjar, mamma stressar og alt er som normalt. Heilt til det vert fullstendig unormalt.

På eitt minutts varsel landar statsministeren med helikopter i hagen. Han gir Jakob eit heilt spesielt og økonomisk lukrativt oppdrag: Han skal vere fadder på skulen for den nye naboen. Ho er ei blid og positiv jente, berre med den ørvesle haken at ho er eit romvesen.

Ho treng eit jordisk namn, så han kallar ho Ramona. Og det vert både leven og misforståingar når ho skal tilpasse seg livet på skulen.

Dette er ein rein lesefest. Boka er spekka med humor, sprø innfall og overraskande vendingar.

Dette er den første trykte boka i serien Oppdrag Romvesen, og det kjem fleire. Samlaget har gitt ut denne serien som digitale lydbøker i fleire år.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
3–6
Alle saman tel av Kristin Roskifte
3–6