Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag romvesen 2 – Universets vaktar

Oppdrag romvesen 2Dette er den andre boka i serien Oppdrag romvesen. Den første, Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen, kom hausten 2025. Samlaget har gitt ut denne serien som digitale lydbøker i fleire år, og dette er dei trykte versjonane av historiene.

Jakob har eit heilt spesielt oppdrag: Han skal passe på eit romvesen. Ramona skal gå i klassen hans, og dei skal klare å skjule at ho ikkje er ei vanleg menneskejente. Jakob har fått oppdraget frå sjølvaste statsministeren, og han skal få 2,6 millionar kroner om han lukkast med å fullføre oppdraget.

Det er berre det at Ramona er ganske uregjerleg. Ho bruker romvesenkraft på å få Jakob til å fly på idrettsdagen, og ho har ikkje skjønt konseptet kviskrestemme.

Og kven er den dresskledde mannen med solbriller og iPad, som driv og dukkar opp på uventa stader?

Lesefesten som starta i Oppdrag romvesen 1, held fram i denne oppfølgjaren. Også denne boka er spekka med humor, sprø innfall og overraskande vendingar.

Boka har mange gøyale teikningar i sterke fargar, signerte illustratør Jens Kristensen.

Kategoriar

Fleire boktips

Kåre og Marimba finn ein oppfinnar
3–6
6–9
Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen
6–9
6–9