Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Janne Kristin Lid: Blåklokka, Haren og Morfar

Denne boka inneheld tre ulike historier.

Den første historia handlar om blåklokka. Ho drøymer om å få vere med i ein blomekrans på sjølvaste jonsokkvelden. Dei andre markblomane er store og kraftige, vil blåklokka som er så lita og spinkel, bli plukka?

Den andre historia handlar om ein ung hare som har kome vekk frå foreldra sine. Haren er engsteleg og gøymer seg i ein mur nær ei hytte. I byrjinga er han redd for menneska som bur i hytta, men kva skjer når han oppdagar at dei er snille?

Den tredje historia handlar om ei jente som mistar morfaren sin like før jul. Den mjuke og gode kjensla som jenta vanlegvis har i adventstida, endrar seg brått. Jenta blir redd for at gleda og julestemninga ikkje vil kome tilbake nokon gong. Natta etter gravferda til morfaren drøymer jenta noko som gir håp.

Boka inneheld ein del tekst og eignar seg difor best som høgtlesingsbok for barn frå 6 år og oppover. Boka inneheld fine illustrasjonar av Rita Backer Hjorthaug og Åshild Hansejordet.

Kategoriar

Fleire boktips

Martine Grande: Ringen
6–9
Berenika: På fire bein. Bang!
6–9
6–9
Frost
3–6