Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn

Gler du deg til jul? Har du kjent ei kribling i magen når du ser ei julestjerne? Ventar du kvar dag på at nissen skal kome? Om ikkje, ventar 24 julehistorier på deg bak ei glitrande og fargerik framside laga av Victoria Sandøy. Julestemninga vil nok strøyme på! Jula er her! er ei samling med nyskrivne julehistorier på både bokmål og nynorsk. Mange kjende norske forfattarar og illustratørar har gjort sitt beste for å skape både juleglede og refleksjon om kva jula kan vere i norske heimar.

Historiene har vore publiserte i heftet Barnas juleroser frå 2018 til 2021. Mange kjende og kjære forfattarar, som til dømes Frode Grytten, Herborg Kråkevik og Maria Parr, har skrive dei nynorske tekstane i boka. Til dømes har Maria Parr skrive om Oskar og familien som for første gong skal feire jul utan tante Gunn.

I mange av historiene møter vi klassiske ingrediensar i julefeiringa. Her er det adventskalendrar, englar, snøfnugg og forventing. Tekstane inneheld varierte og mangfaldige problemstillingar, som at Lucia ikkje treng å vere ei jente, eller at Nissemor nyt den eine fridagen ho har i året. Sjølv om mange tekstar er forteljingar med aktuelle problemstillingar, finn vi også andre sjangrar. Til dømes har Ruth Lillegraven skrive diktet «Eit juletre», som handlar om det magiske ved eit grantre og snødryss i skogen. Alt kan og skal skje i denne mørke juletida. Teikneseriar finn vi også fleire av, til dømes «Nissen grip inn» av Agnes Ravatn. Denne teikneserien handlar om Cato, som ynskjer seg ei borg med ekte fangehol til jul. Men ikkje alt går som Cato ventar, og til slutt må julenissen gripe inn.

Det er ikkje lenge sidan koronatida, og både korona og andre sjukdomar er til stades i fleire av historiene. Sjukdom i jula er trist, men kan også vere ein del av livet. Du får lese om ein pappa på sjukehus som ikkje veit om han får kome heim, avlidne tanter som er djupt sakna, og Zorg som kjem på besøk og gjer alt tungt og umogleg. Men vi får også lese om litt mindre alvorlege diagnosar som nisseskrekk.

Boka inneheld tjuefire historier med fargerike illustrasjonar, så ho kan lett brukast som ein adventskalender der ein les ei historie for kvar dag. Det å gje seg tid i ei hektisk førjulstid til å lese ei historie, kan korte ned ventetida for både store og små. Ingenting er vel som eit skymt klasserom, kanskje i ein julepynta lesekrok, der læraren set seg ned, kveikjer eit ljos og leitar fram ein tekst til høgtlesing. Kanskje kan elevane skrelle ein mandarin, eller ete matpakken, for deretter å lytte til den vaksne som les. Det er ikkje lite forsking som peikar på kor viktig høgtlesing er for leselyst og interesse for litteratur.

Kategoriar

Fleire boktips

Øyvind Lauvdahl: Ingeniør Knut Berg
fantastisk litteratur
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
Ørjan Zazzera Johansen: Historia om Erling Braut Haaland
9–12
Thoralf Fagertun: Familien Gnork
9–12