Maria Parr: Oskar og eg – Alle tinga vi har

Maria Parr og Åshild Irgens: Oskar og eg 2

Illustrert av Åshild Irgens

Dei er tilbake! Med liv og røre, oppturar og nedturar. Kven snakkar eg om? Oskar og Ida, så klart!  

Oskar har gått mange månader i første klasse når vi møter dei denne gongen, og storesøster Ida er ni, snart ti år. Dei bur framleis i eit raudt hus på toppen av ein bakke saman med mamma og pappa, og lever eit liv som både store og små lesarar kan kjenne seg igjen i. Rammene er kjende frå den første boka om Oskar og Ida, men jammen er det litt som er nytt også. Gjennom eit år og tolv nye forteljingar skjønar vi at begge dei to søskena veks litt heile tida. Oskar har framleis mykje føre seg og møter nye utfordringar med liv og lyst – eller ved å «gi drallen og mose på». Ida er framleis den omsorgsfulle storesøstera som hjelper broren når verda ikkje forstår. Men det er ikkje alltid berre berre å vere Ida når broren tek så mykje av merksemda. Dessutan anar ho at ei ungdomstid ligg lenger framme i løypa – noko som er uunngåeleg, men ikkje alltid behageleg. Kvifor er ikkje klassebamsar og glitterpennal med einhjørningar like magisk for alltid, til dømes? Det er kanskje ikkje så dumt å bli inspirert av Oskar som heilt og fullt står for det han meiner, utan å bry seg så mykje om kva andre synest.  

Den første boka om Oskar og eg hadde undertittelen Alle plassane vi er. I oppfølgarboka er undertittelen Alle tinga vi har, og kapitla har namn etter heilt vanlege og ting som lesaren kan kjenne igjen, som fiskestong, pennal og sykkel. Den alternative tittelen til kvart kapittel er ein aldri så liten genistrek. For korleis kan «Limpistolen» henge saman med «Då Oskar fekk vikar»? Og kvifor er undertittelen til kapittelet «Bunaden» «Edvard Lien får ein hestesko i hovudet og blir vekt med ein spylarslange»? Det er i alle fall heilt umogleg å la vere å lese vidare. Både titlane og forteljingane vitnar om fart og sjølvtillit, og jammen får lesarane også eit uventa og svært gledeleg gjensyn med ei viss raudhåra jente frå Glimmerdalen, på ferie i Sverige.  

Dei fleste forteljingane i boka handlar om påfunn som er heilt forståelege frå eit barneperspektiv, men som krev meir av dei vaksne. Her får Ida vere eksperten som forstår Oskar, og som på sitt lune vis får formidla til dei vaksne kva som trengst – om det er safarikjeks eller at nokon må forklare Oskar kvifor læraren Therese ikkje er på skulen. Både store og små lesarar treng å kjenne ein Oskar, som hiv saker og ting veggimellom i frustrasjon, men som gjer det fordi han ikkje klarer å forklare kva som eigentleg ligg bak. Og så er det så godt når alt blir oppklara og ordnar seg til slutt.  

Slik livet er, med alle sine fargar, er også forteljingane om Oskar og eg. Sjølve gullet i boka ligg nettopp i vekslinga mellom det nære og sårbare og det muntre og ville. Maria Parr klarer balansegangen på meisterleg vis, utan at det blir kunstig eller anstrengt. Og lat det ikkje vere tvil, dette er barnelitterært gull! Maria Parr og Åshild Irgens har skapt eit univers som er kjent og trygt, utan at det blir banalt på noko vis. Både teksten og dei uttrykksfulle og gjennomførte teikningane har snert og humor og er uvanleg samstemte. Språket er kvardagsleg og ligg godt i munnen når ein skal lese boka høgt, samstundes som kvar setning er nøye forma og fargelagd med språklege finessar. Det er som om forfattar og illustratør har levd saman med karakterane i boka og opplevd alle hendingane, før dei fann ut at dei ville dele historiene med oss. Og det skal vi vere veldig glade for at dei gjer! 

Kategoriar

Fleire boktips

Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen
6–9
Oskar Kroon: Kvitveis og pissrotter
9–12
Rakel Helmsdal: Torebrak
9–12
6–9