Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marit O. Kaldhol: På ei trapp i universet

Marit O. Kaldhol: På ei trapp i universetIllustrert av Susanna Kajermo

Lurer du på mykje? Grublar du over kvifor det finst liv på jorda? Undrar du på kva som ville skje om du trefte på eit svart hol? Og kven var eigentleg først her på jorda – høna eller egget?

I denne diktsamlinga får du vere med på å undre på slike spørsmål. På ei trapp i universet sit eg- forteljaren, katten og søster Sara. Eg-forteljaren lurer på så mangt, og søstera og katten svarar nokre gongar, andre gongar tek dei spørsmåla vidare og assosierer utover til nye samanhengar. Egg frå hønsegarden kan nyttast til vaflar, men egg kan også føre til at ein undrar over sitt eige opphav.

Katten er den mystiske, kloke vismannen. Katten veit kanskje eit svar, men teier klokeleg. Kanskje fordi katten veit at sjølve undringa er det viktigaste? Dikta nikkar til Olav H. Hauge som skriv at katten er «varast i garden». Eit anna nikk er til Jon Fosse som har skrive boka «Kant», der ein også grublar over om universet har ein kant.

Nokre dikt inneheld små forteljingar. I diktet «Jakthistoria» er det ein hjort som har vorte skoten og ligg stiv og daud i traktorskuffa. Han skal bli mat. Diktet rommar kanskje meir enn sjølve forteljinga; dette er forteljinga om oss alle, og om alt liv. Hjula til traktoren rullar sakte framover, og det gjer tida også, for oss alle. Dikta i boka får oss til å tenkje over dei store sirklane i tilværet, som egget, livet, døden, stjerner og universet.

Dikta rommar dette store i naturen og menneskelivet – frå det aller minste, til det store og evige. Naturen i alt sitt mangfald er i sentrum for undringa, og vi grublar saman med forfattaren over mysterium som: Korleis kan tida krumme universet? Er det ikkje utruleg at vi alle er laga av stjernestøv? Kva tenkjer ein inne i magen til mor? Naturen i kvardagen vert eit magisk bakteppe for undring og filosofering. Kva kan vi eigentleg vite noko om?

På ei trapp i universet er ei diktbok, kanskje mest for barn, men kan høve for alle aldrar. Sjølv om ein tanke i det eine diktet fører til det neste, kan dikta godt lesast kvar for seg. Boka høver godt for høgtlesing, kanskje med lesestopp der ein kan undre vidare i lag? Undringa i diktsamlinga kan også vere ein modell for korleis ein kan stille utforskande spørsmål, noko som er aktuelt i mange fag i skulen, til dømes KRLE, naturfag eller norsk. Susanna Kajermo har laga vakre og røyndomsnære illustrasjonar til dikt om det magiske og underlege i tilværet.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12