Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marthe Holien Bø: Ni løgner og jakta på eit smil

Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smilNi løgner og jakta på eit smil er ei rørande og hjartevarm forteljing om sorg og glede og å halde på det som var.

«Eg ser ned på det mørkeraude blodet som renn frå knea mine. Det er betre å ha vondt i knea enn i hjartet».

Vi blir kjende med 9 år og 66 dagar gamle Klara som fortel om ein krevjande livssituasjon. Klara spinn seg inn i eit nett av løgner for å halde liv i mormor og skjule at mamma berre grin. Det er jo så fint å tenkje at mormor framleis står på kjøkkenet og rullar kveitebollar eller lagar hoppetussar. Men sanninga snik seg fram.

«Dei siste bollane som mormor baka. Eg skal aldri ete bollane hennar meir. Eg tygg og tygg og vil ikkje svelge».

Forfattaren skildrar fine og såre stunder, og ei jente som berre ynskjer at mamma skal smile igjen. Som lesar kjende eg både på latter og gråt. Boka eignar seg godt til individuell lesing for dei eldste i målgruppa, medan dei yngste nok treng ein vaksen høgtlesar. Boka inneheld fine illustrasjonar av Tiril Valeur.

Intervju med Marthe Holien Bø

Foto: Sara Sanderud

Marthe Holien Bø

Kvifor bør barn lese boka di? 

Eg tenkjer det viktigaste er at born finn noko dei likar å lese, same kva slags bok det er. Den gleda og kjensla av å finne den boka unner eg alle born. Mi bok kan lesast som ei underhaldande forteljing om Klara og Pelle og deira gryande venskap og lure påfunn. Men ho kan også vere ei god trøyst og ein samtaleopnar for born som tek mykje ansvar, som har foreldre som er sjuke, som har mista nokon, eller som synest det er vanskeleg med vonde kjensler. Boka har mange lag, og eg har blitt overraska over at det er omtrent like mange som seier dei ler seg gjennom boka, som dei som seier dei grin.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

I mars 2020, berre nokre dagar etter at Noreg blei stengd ned under koronapandemien, sat eg med maskina i fanget og kjende at eg hadde ei historie inni meg som ville ut. Men eg hadde ikkje meir enn ei lita setning: «Mamma berre grin og grin, og det gjer at eg ikkje kan grine av noko.» Ut frå denne setninga kom Klara springande. Omgjevnadene i boka er sterkt inspirerte av den vesle bygda i Valdres som mi eiga bestemor budde i. Eg har hatt med meg det grøne kjøkenet hennar, grisehuset på garden og den svingete riksvegen som var veldig farleg å krysse.

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?

I skriveprosessen såg eg føre meg born i alderen 6–9 år. No når boka lever sitt eige liv, har eg fått meldingar frå både yngre lesarar og dei over 60 år, som seier dei set pris på forteljinga om Klara. Ein veit aldri kven boka treffer, men det er veldig kjekt å få tilbakemeldingar frå så forskjellige lesarar.

Kva meiner du kjenneteiknar ei god barnebok?

Dei beste barnebøkene er dei som har barnet sitt blikk, der du gløymer at det er ein vaksen som har skrive fram forteljinga. Forteljingar som tek barnet på alvor, anten det handlar om sorg, glede eller alt der imellom. Gode illustrasjonar løftar også ei barnebok, og ser eg illustrasjonar frå mine eigne bokfavorittar frå barndommen, hugsar eg korleis det føltest å vere i det universet.

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse barn om å lese, og kvifor? 

Sjølvsagt Maria Parr sine fantastiske bøker. Dei vil stå igjen som klassikarar. Kabalmysteriet av Jostein Gaarder elska eg som barn, og ho stod seg like godt då eg las boka for eigne barn for nokre år sidan. Ho er morosam, finurleg og spennande. Ein kjem ikkje utanom Astrid Lindgren. Hennar univers lengtar eg eigentleg alltid til. Og Prøysen! Åh, eg elskar Prøysen.

Utdrag frå boka:

 

Kategoriar

Fleire boktips

Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12
Harald Nortun: Kode 6 –Ingen må vite kven du er
9–12