Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Moni Nilsson og Elin Lindell: Påfunn i Paradis

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Slatten har ingen å leike med. Det har han nesten aldri. Det er ganske så trist. For om ein ikkje kan å spele fotball, får ein ikkje vere med. Men når det flyttar ei ny jente inn i Paradis blir alt så mykje meir morosamt. Ho heiter Kaka, og har auge som skin som gull. Og ho er glad i å finne på heilt nye ting.

Slik byrjar serien Påfunn i Paradis. Gjennom fem bøker følgjer vi Slatten og Kaka på eventyr i nabolaget.

Bestevener er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Utdrag frå bøkene:

Kategoriar

Fleire boktips

Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6
Martine Grande: Ringen
6–9