Roald Dahl (omsett av Ragnar Hovland): Charlie og sjokoladefabrikken

Charlie Bucket lengtar fortvila etter å ete noko meir enn kål og kålsuppe. Men endå meir ønskjer han å kome inn i Willy Wonka sin enorme sjokoladefabrikk. No har Wonka, den mest fenomenale sjokoladefabrikant i verda, gøymt fem gullbillettar i sine ekstremt nydelege sjokoladar. Berre fem vinnarar får vere med inn bak den store jarnporten og oppleve dei mystiske maskinene og umpa-lumpaane som arbeider i fabrikken. Kven blir dei heldige fem barna? Vil ein av dei vere Charlie? Og kva skjer om ein ikkje gjer som Willy Wonka seier?

Roald Dahl er ein av verdas mest kjende barnebokforfattarar. Barn og vaksne over heile verda liker dei hemningslause, kloke og sprudlande forteljingane hans.

Ragnar Hovland er ein norsk forfattar og omsettar som har eit rikt forfattarskap for både barn og vaksne bak seg. Skrivinga er prega av stor fabuleringsevne, ein burlesk humor med absurdistisk tilsnitt, og ein usvikeleg sans for dei ikkje heilt veltilpassa i samfunnet.

Kategoriar

Fleire boktips

Kari Stai: Flokken
9–12
Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
6–9
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9