Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Roald Dahl (omsett av Ragnar Hovland): Georgs magiske medisin

Du veks for fort. Gutar som veks for fort, blir dumme og late.

Bestemor til Georg har nokre ganske merkelege oppfatningar. Ho er faktisk ikkje nokon hyggeleg person. Ho synest kålormar og sniglar er herlege og liker aller best å knaske på biller. Georg gjer aldri noko som er rett i bestemor sine auge, så når det er tid for medisinen hennar, bestemmer han seg for å gi henne ein dose av sitt eige spesielle brygg.

Roald Dahl er ein av verdas mest kjende barnebokforfattarar. Barn og vaksne over heile verda liker dei hemningslause, kloke og sprudlande forteljingane hans.

Ragnar Hovland er ein norsk forfattar og omsettar som har eit rikt forfattarskap for både barn og vaksne bak seg. Skrivinga er prega av stor fabuleringsevne, ein burlesk humor med absurdistisk tilsnitt, og ein usvikeleg sans for dei ikkje heilt veltilpassa i samfunnet.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12