Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rolf Losnegård: Det forferdeleg geniale freseskyflyet

FreseskyflyetDen sprø oppfinnaren Snutt finn opp dei raraste duppedingsar. No skal han finne opp ei maskin som kan halde skyene vekke, slik at ungdomane i byen Olsen kan få vere på stranda og surfe og ete is kvar dag.

– Vi vil ikkje ha meir skyer og regn, vi vil ikkje ha sånt dritver! Vi vil ha sol! Ropte dei til Snutt. – Skaff oss sol! Sol! SOL!

Men den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt. Altfor varmt for isflaka i alle fall.

På Nordpolen lever isbjørnungen Burrr og foreldra hans. Burrr har slik forferdeleg vasskrekk, og han kan ikkje symje. Han held seg helst på store, trygge isflak og har dessutan eit skjerf slik at han bli taua i land dersom han skulle falle ut i vatnet. Men med den nye oppfinninga som freser vekk alle skyene, vert det varmt og isen smeltar. Dette fører til at farlege situasjonar oppstår for Burr. Først når vatnet stig i byen Olsen, skjønar innbyggjarane at dei må stoppe dette.

Det forferdeleg geniale freseskyflyet tek opp klimaproblematikken på ein humoristisk måte og gjer temaet tilgjengeleg for barn. Skildringane er fantasifulle, samstundes som ein skjønar alvoret når vatnet stig i byen Olsen. Fredrik Rysjedal har illustrert boka, og dei fantasifulle og detaljrike illustrasjonane følgjer lesaren gjennom boka og bidreg til driv og humor i historia.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12