I denne romanen følgjer vi bestevennane Saga og Storm. Dei har sin eigen humor og veremåte, og slik trivst dei godt saman. Ein dag kjem det ei ny jente i klassa deira, Boel, og plutseleg står Saga i ein krevjande og omveltande kvardagssituasjon. Boel sin veremåte påverkar dei andre, og Saga kjem i situasjonar ho eigentleg ikkje har lyst til å vere deltakande i.
Denne boka tematiserer maktbalansen i sosiale relasjonar blant barn, og korleis underliggande livserfaringar kan påverke åtferd og samspel. Når Boel kjem som ny elev i klassa, utfordrar ho etablerte strukturar og forsøker å ta styringa. Saga, som står i sentrum av forteljinga, må navigere i eit landskap prega av intriger og skiftande sosiale normer. Ho opplever korleis vennskap og kjensler blir regulert av gruppedynamikk. Forteljinga rører ved sentrale spørsmål om identitet, sjølvstende og motstandskraft. Kor godt kjenner eit barn seg sjølv, og kor lett er det å stå i seg sjølv når presset frå omgivnadene er stort?
Boka gir eit innsiktsfullt bilete av barn sine eigne tankar og refleksjonar, og opnar for viktige samtalar mellom vaksne og barn om sosiale mekanismar, kjensler og grenser. Boka inneheld utfyllande illustrasjonar av Ella K. Okstad, og passer for aldersgruppa 8–12 år.
Utdrag frå boka:



