Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Solveig Blindheim Bendixen: Teo tøffar seg

Teo tøffar seg«Teo var sikker på at dette kom til å bli den verste 17. mai han hadde hatt i heile livet.»

Teo har fått ny bunad som mora hans har laga. Ho er svært stolt over bunaden med vest og sølje som no er klar til 17. mai. Akkurat denne dagen er det så varmt at Teo heller skulle ønske han kunne ha shorts på seg, men Teo brukar bunaden for han veit at mora vil det. Når han kjem til skuleplassen etter skuletoget og skal vere med på dei kjekke 17. mai-leikane, orkar Teo ikkje anna enn å sitte på ein stein i skuggen og sjå på, det er for varmt å vere med på leikane i den varme bunaden. Då har kameratane Jon og Kim eit forslag

– Viss eg var deg, hadde eg berre skifta han av meg.
– Eg har då ikkje noko å skifte til.
– Du har vel skiftetøy i korga di i garderoben?

Teo veit ikkje om han skal våge å gjere det, mora står i kiosken og ho må ikkje få vite noko.

– Du må ikkje vere så redd, Teo! Du må vere litt tøff! seier kameratane.

Då tenker Teo at han skal vere litt tøff. Han skal skifte til lettare klede, og skifte tilbake før mora er ferdig i kiosken klokka tre. Men alt går ikkje heilt etter planen. Problema oppstår for alvor når døra går i lås når han skal skifte tilbake til bunaden i garderoben.

Dette er fjerde boka om Teo, og i denne boka møter vi Teo som vågar å gjere noko han eigentleg ikkje torer. Teo er redd for mykje, noko vi får høyre om i dei tre tidlegare bøkene Teo i trøbbel, Teo tar sjansen og Tenk at det var Teo. I bøkene om Teo har Solveig Blindheim Bendixen skapt eit univers med nære kvardagshistorier der ein kan kjenne seg igjen i karakterane og i situasjonane. Alle fire bøkene er illustrerte av Trond Bredesen, med ca. 10–12 illustrasjonar i kvar bok. Dette gjev eit innblikk i korleis Teo opplever situasjonane han kjem opp i.

Boka eignar seg spesielt godt til høgtlesing for elevar i småskulen.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6