Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Ut på eventyr – 13 + 1 eventyr som er snudd og vridd litt på

Helene Uri (red.) og Victoria H. Hamre (illustrasjonar)

Eit utval kjente norske forfattarar har i samarbeid med Plan International Norge og Papermoon Publishing skrive nye eventyr baserte på tradisjonelle eventyr. Her tek ein opp arven etter dei tradisjonelle eventyra og justerer dei for likeverd, til samtida og framtida. Føremålet er at born skal vekse opp og vite at dei er gode nok, og at dei har jamstilte moglegheiter. Dette skal sjølvsagt gjelde born frå alle stader i verda.

Frode Grytten, Kristin Fridtun, Nina Lykke, Helga Flatland, Mahmona Khan, Tom Egeland, Vigdis Hjorth, Gunnar Staalesen, Alexander Fallo, Sofia Knudsen Estifanos, Amal Aden, Audhild Solberg, Hanne Linander og Helene Uri bidreg i boka. To av tekstane, nemleg dei av Fridtun og Grytten, er på nynorsk.

Kristin Fridtun har gitt liv til undereventyret «Mumla Gåsegg». Mumla Gåsegg er klekt ut av eit gåseegg. Ho er stor, sterk og arbeidsvillig. Ho har ikkje frykt for korkje kongen eller fanden.

Frode Grytten har skrive eit tankevekkande eventyr basert på «Piken med svovelstikkene». Hjå Grytten møter vi «Guten med mobiltelefonen». Med dette grepet er vi allereie førespegla ei tragisk avslutning. Skildringa av skjebnen til ein ung flyktning i Noreg er utan moralisering eller andre forklaringar, men viser skeivfordelinga i samfunnet vi er ein del av. Grytten skaper ein emosjonell intensitet utan å bli sentimental.

I denne eventyrboka vert det tradisjonelle utfordra. Til dømes er det jenter som hamlar opp med djevelen, prinsesser reddar prinsesser, og det er prinseføter som passar i gullskoen. Ingen vert målbundne og ingen vert gifta bort.

Over heile verda vert særleg jenter møtte med ord og haldningar som held dei tilbake. I Noreg betyr dette at ein til dømes ikkje vel realfag på skulen, medan i eit anna land kan det bety at du må gifte deg og slutte på skulen. Der born ikkje har det bra, ser ein ofte at jenter har det verst.

Å endre haldningar krev små og store investeringar frå oss alle. Plan International sitt arbeid handlar om meir enn mat, reint vatn og utdanning. Det handlar om møtepunkt og dialog mellom menneske. Når ein vågar å sette ord på kjensler og bruke stemma, kan gode endringar skje. Med eitt steg i gongen.

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
Thoralf Fagertun: Familien Gnork
9–12
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
6–9