Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Vegard Markhus: Alien i klassen

Mitt liv på feil planet

Ulrik blir plaga av Bob og dei andre i klassen. Ein kveld ser Ulrik eit mystisk lys som fer over himmelen. Kan det vere ein ufo? Dagen etter byrjar ei ny jente i klassen. Ho heiter Fia, og ho set Bob på plass og torer å vere seg sjølv. Ulrik lurer på om han endeleg skal få ein ekte venn?

Vegard Markhus har både skrive og illustrert Alien i klassen. Boka er lettlesen både når det gjeld språk og tekstmengde. Skrifttypen i boka er basert på handskrift. Historia er så spennande at det er stor sjanse for at dei unge lesarane får lyst til å lese heile boka. Alien i klassen er gjennomillustrert med artige og kreative illustrasjonar.

Alien i klassen passar svært godt for barn i alderen 6 til 9 år. For dei yngste i målgruppa passar ho fint som høgtlesingsbok, medan dei eldste kan lese boka sjølve.

Arbeid med boka:
Boka Alien i klassen høver godt i undervisninga. Ein kan til dømes samtale og/eller skrive om:

  • Korleis oppfører Bob og dei andre i klassen seg mot Ulrik i byrjinga av historia?
  • Korleis endrar Bob seg i løpet av historia?
  • Kva er ein ekte venn?
  • Kva ville du ha gjort viss det kom eit romvesen inn i klasserommet?
  • Trur du det finst liv ute i verdsrommet?
  • Teikn ein UFO

Kategoriar

Fleire boktips

Berenika: På fire bein. Bang!
6–9
6–9
Frost
3–6
3–6