Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Veronika Erstad og Ella Okstad: Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje

Saga er eldst i ein søskenflokk på fire. Saga er lei fordi ho alltid må passe på småsøskena. Tvillingane på eitt år grisar, og Leon på fire år er slitsam. Ho vil heller vere saman med Storm, som er bestevennen hennar.

Saga drøymer om å få kome på Slottet og få Kongens fortenestemedalje, men korleis kan ho få til det? Saga har plukka opp at personar som trenar opp redningshundar, kan få medaljen. Ho bestemmer seg for å trene opp familiehunden Bonus til å bli ein redningshund. Bestevennen Storm blir naturlegvis med på prosjektet, men det går ikkje etter planen då dei må ha med veslebror Leon.

Saga får ein ide: Kva om dei sender Leon inn i skogen og får hunden til å finne han? Problemet er at plutseleg forsvinn Leon heilt på ekte, kva skal dei gjere no?

Kva har eg gjort?
Det stikk i brystet, som om ein fiskekrok har hekta seg fast der inne.
Alle tankane køyrer tørketrommel i hovudet.

Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje handlar om å ville bli sett, vennskap og søskenkjærleik. Mange som har søsken, vil nok kjenne seg igjen i dei følelsane som forteljinga får tydeleg fram. Boka inneheld også mange artige skildringar.

Boka er lettlesen og passar godt for barn mellom 6 og 9 år. Ella K. Okstad har laga fine illustrasjonar til forteljinga.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
6–9
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6