Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Gunnars rekordbok

Gunnar har laga si eiga rekordbok. Her skriv han både om det som er bra, og det som er vanskeleg. Gunnar vil ikkje vise boka til nokon, men kva skjer dersom rekordboka hamnar hos feil person?

I boka til Anders Totland møter vi Gunnar som har mista mor si. Pappaen er så full av sorg at han ikkje klarer å ta seg av Gunnar.

Oppi alt det triste finst det heldigvis fleire lyspunkt. Gunnar har verdas beste kamerat og nabo som heiter Sivert. Faren til Sivert viser stor omsorg for begge gutane. Læraren Hermund er ein annan vaksen som viser omsorg og ser Gunnar. Tanta til Gunnar speler også ei sentral rolle mot slutten av boka.

Gjennom historia får lesaren eit nært innblikk i korleis eit barn kan oppleve sorg og omsorgssvikt. Boka kan gi håp til barn som står i vanskelege situasjonar. Ho viser at det finst fleire vaksne som både kan og vil hjelpe dersom ein har det vanskeleg.

Verdien av ekte vennskap kjem tydeleg fram gjennom Gunnars rekordbok. Barn kan hjelpe andre barn gjennom å vere ein god venn.

Kategoriar

Fleire boktips

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Ørjan Zazzera Johansen: Erling Braut Haaland frå liten til størst
9–12
Guro S. Auganes: Katteskriket
9–12