Kva gjer du når du oppdagar at mor di har delt bilete av deg på SoMe utan løyve, og det går opp for deg at barndomen din har blitt brukt til å skape digitalt innhald?
Ella og Omar er bestevener og naboar. Dei har til og med bursdag på same dag, 1. januar. Dette året fyller dei 13 år og kan endeleg opprette eigne SoMe-kontoar. Ella har gledd seg til å få sin eigen Snapchat-profil, men jubelen blir kortvarig. På bursdagen hennar tikkar det inn ein snap som får Ella til å fryse til – det er eit skjermbilete av henne sjølv, henta frå Facebook.
Nysgjerrig opprettar ho ein Facebook-konto for å sjå nærare på saka. Då ho klikkar seg inn på profilen til mor si, går det kaldt nedover ryggen hennar. For kva er det eigentleg mora driv med på SoMe? Nyttårsbiletet av Ella og Omar, som har fått hundrevis av likes, er berre eitt av mange. Facebook-profilen er full av liknande bilete, nokre meir personlege enn andre. Og det stoppar ikkje der, på Instagram deler ho også bilete, under brukarnamnet «Miss Kardashian Norway». Samtidig gjer Omar ei liknande oppdaging: Foreldra hans har bretta ut heile barndomen hans på Facebook. Men medan bilete av han stort sett berre er delte med familie og vener, når «Miss Kardashian Norway» ut til eit heilt anna publikum, ho har heile 76 000 følgjarar på Instagram.
Først no går det for alvor opp for Ella og Omar at barndomen deira har vore «eit slags liveshow for folk på Internett». Mor til Ella er ein ekte påverkar. Problemet er at ho har brukt familien sin til å skape innhald, utan å spørje Ella om lov. Kva gjer ein når ein oppdagar at mamma er ein influensar utan grenser? Kjeftar henne huda full og let livet gå sin gang, eller opprettar Instagram-kontoen «Mamma på dass» og let henne smake sin eigen medisin?
Romanen Mamma på dass har ein tittel som vekkjer merksemd, og innhaldet skuffar ikkje. Dette er ei humoristisk og treffande bok om kva som kan skje når barn og ungdom plutseleg oppdagar at foreldra har delt bilete av dei på SoMe utan samtykke. Boka skildrar korleis foreldre kan vere opptekne av å lære barna sine om nettvett, samstundes som dei sjølve deler grenselaust på sosiale medium. Det å vere influensar og forelder er komplisert, og romanen skildrar korleis desse rollene kan kome i konflikt, særleg når kommersielle interesser og personvern står opp mot kvarandre.
Romanen er godt skriven, han er lettlesen og morosam, samstundes som han tek opp aktuelle problemstillingar. God samtidslitteratur for barn og ungdom kan vere både morosam og underhaldande, så lenge han får lesaren til å reflektere og sjå verda rundt seg litt tydelegare. Denne romanen gjer nettopp det. Romanen høver godt for høgtlesing og felleslesing i klasserommet.
Intervju med Anders Totland
Kvifor bør barn og ungdomar lese boka di?
Fordi det truleg er årets flauaste bok. Dessutan kan dei finna god inspirasjon til korleis ein hemnar seg på utleverande foreldre. Ja, og så håper eg boka er spennande og morosam, då.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Eg låg på sofaen og las Familien Brattbak av Julia Kahrs, då tanken plutseleg slo meg: Kva om ungane oppdagar kva me foreldre har drive på med heile oppveksten deira, og plutseleg bestemmer seg for å ta hemn? Etter eit par veker var historia på plass, og eitt år seinare var boka ferdig. Det er den kjekkaste skriveprosessen eg nokon gong har hatt.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Alle som har kjende influensarforeldre. Og dei som liker ei god historie. Det gjeld for så vidt både ungar og vaksne. Men kanskje spesielt dei som kan ha glede av litt teit humor, og som synest det er kjekt å kunna sluka ei lettlesen bok på nesten 200 sider. Det synest eg faktisk gjev ei ganske god meistringskjensle sjølv. Eg elskar å lesa ferdig bøker som ikkje tar for lang tid.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for 10–13-åringar?
Det kan godt vera både spennande og litt morosamt. Og så må det vera folk med i historia som ein verkeleg får lyst til å bli kjent med, på godt eller vondt.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Eg vender stadig tilbake til Sangen om en brukket nese av Arne Svingen, fordi det er ei skikkeleg fin og god historie. Elles er Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim eit godt tips. Det same er Georg og kjelleren av Hilde Hodnefjeld. Alle desse har eg verkeleg kost meg med sjølv.