Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Anders Totland og Kristian Krohg-Sørensen: Norske sjørøvarar

Har du høyrt om Kaptein Krok, Jack Sparrow eller Kaptein Sabeltann? Papegøyar, trebein og svarte flagg med hovudskallar er assosiasjonar som raskt dukkar opp. Sjørøvarar har lenge appellert til utfalding av fantasi i bøker og filmar. Det er ofte i det eksotiske Karibia at sjørøvarane held til, men i denne boka møter vi vaskeekte norske sjørøvarar. Noreg har vore ein sjøfartsnasjon i uminnelege tider, og det viser seg at vi har sjørøvarar, vi også.  

Denne faktaboka går tilbake til 1393 og held fram til 2010. Fram igjennom historia er det særleg i periodar med politisk uro at sjørøveriet har blomstra. Det er kanskje overraskande at sjørøveri framleis er aktuelt, men Totland forklarar at så lenge det finst menneske som lir under fattigdom og naud, og varer og rikdom vert frakta rundt på havet, så vil nok piratverksemd halde fram.  

Likevel er det nok mest eit historisk bilete av sjørøveri vi møter i fortellinga. Vi lærer forskjellen på orda sjørøvar, pirat, kaper og fribyttar. Desse omgrepa kunne brukast om kvarandre, og somme personar hadde også fleire roller. Somme personar var både pirat og piratjegar! Vi vert kjende med brutale menn som kjempa for rikdom og velstand, og ofte med livet som innsats. Mange døydde. Dei vart kasta på sjøen, hengde eller halshogde. Det var ikkje alltid lett å vite kva konge eller dronning ein skulle vere på lag med.   

Kapitla i boka er oversiktlege, og titlane interessevekkjande. Kvart kapittel har også faktaboksar der vi får vite endå meir om personane eller stader som er nemnde. I tillegg til dei einskilde sjørøvarane som er nemnde, får vi også innsikt i dei historiske tilhøva som personane levde under. Det gjer at boka kan høve som fordjupingslesnad i fag som til dømes historie. Ein kan tenkje seg at boka høver godt i tverrfaglege opplegg i skulen, og til lesing på mellomtrinnet eller ungdomstrinnet. Illustrasjonane er fargerike, viser høveleg tidskoloritt og inspirerer til vidare lesing.  

Fleire boktips

9–12
Thoralf Fagertun: Familien Gnork
9–12
6–9
faktabøker og sakprosa