Undervisingsopplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg til eit utdrag frå boka
Ivar er 12 år, og foreldra meiner han er gamal nok til at vekeløna kan snu. No er det Ivar som må betale foreldra 100 kroner i veka.
Han henger opp ein plakat på butikken om at han tek oppdrag med å flytte ting og tang. Og han får i oppdrag å flytte dei utrulegaste ting, som Ludo-brikker. Eller auga – så han kan lese avisa for ei strikkande dame. Han får også meir tradisjonelle flytteoppdrag, som å flytte møblar. Han vert stadig lurt opp i stry av oppdragsgjevarar som gjev han oppdrag dei ikkje eigentleg har makt til å gje.
Men det vert ikkje så mykje vekepengar til foreldra. Ivar går på kaféen for å bruke opp pengane. Og for å møte Maja. Dei har vore bestevener lenge, og ho har ho fått seg sommarjobb på kaféen. Ho sparer pengar til hybel, og ho viser stadig større interesse for ein gut som har kome dit på sommarferie. Ivar forstår ikkje kva ho skal med verken hybelpengar eller denne Mons, som strengt tatt har eit kattenamn.
Som alltid byr Arnfinn Kolerud på absurd humor, men humoren er meir nedtona enn i tidlegare bøker. Denne gongen formidlar han også eit alvor. Dette er ei bok om korleis det er å vere gut når jentene rykker ifrå, og om korleis det kjennest når livet endrar seg utan at ein vil det sjølv.
Utdrag frå boka: