Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Conny Palmkvist: Fire minutt over tolv

Til nynorsk av A. Audhild Solberg 

Det er ei mild julinatt. Nikolas på 12 år sit på ein stol, vrir seg og lever medan mamma ligg i ei seng ved sida av og skal døy. Det er mest ikkje til å halde ut. Det hjelper ikkje eingong å sjå på morosame hundar på YouTube. Nikolas må berre bort.  

I sjukehusheisen finn han ein knapp som ikkje brukar å vere der. Når han trykker på knappen, drar heisen til ein heilt ny etasje … 

Klokka er fire minutt over tolv på natta når Nikolas kjem til Endestasjonen. Staden dit vi alle skal ein gong. På eit forunderleg vis har Nikolas stoppa tida to minutt før mamma på avdeling 34 skal døy. Kva gjer ein dersom ein kan stoppe tida, reise i tida?  

Conny Palmkvist (f. 1973) er forfattar, redaktør og litteraturkritikar. Han skriv med ei klar og barnenær stemme, og dette er den andre barneboka hans. Boka har eit passeleg omfang for målgruppa, om lag 100 sider.  

Palmkvist vågar å møte det som er vondt, og kan bidra med trøyst, støtte og framtidstru trass at verkelegheita er som ho er. Fire minutt over tolv er ein vakker og særeigen barneroman, dryssa med gullkanta magi som kan vere inspirert av Astrid Lindgrens Nangijala, til dømes. Han er også spedd i ein lett humoristisk tone, som også er positivt og «lovleg» sjølv om ein møter det som er leitt. Å lese boka er sterkt og rørande om sjukdom, livet slik det også kan vere, og kjærleiken i ein familie.  

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12