Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?Tale er ei stillferdig og noko engsteleg jente som bur saman med mamma, Ragnhild og dverghamsteren sin i ein blokk. På skulen kjenner ho seg aleine og usynleg. Då Gamle-Kolbjørn døyr, vert naboleilegheita seld, og inn flyttar ein pappa, ei mamma og ein gut på Tale sin alder.

Den nye naboguten til Tale er eit fyrverkeri. Han kallar seg Becker, fjasar og syng og insisterer på at Tale og han skal bli bestevenner! Dei skal til og med gå i same klasse. Tale er mest vand med å vere aleine og blir ør og matt av maset. Men er det ikkje litt fint med ein venn også? Ein som tvingar henne ut av skalet? Som kan vere med på å gjere skule og fritid lyst og lett?

Samstundes er det noko som ikkje stemmer heilt inne hos Becker. Det er rare lydar der inne. Har dei ein hund som herjar rundt seint på kveldstid? Eller kan det vere slik at det har byrja å spøke hos dei? Kvifor fortel Becker ting som ikkje stemmer om foreldra sine: at mora arbeider som modell. At faren er sjef for BMW? Det er som om det går føre seg eit skodespel. Når maskene fell, viser det seg at faren til Becker er sjuk og fæl av alkoholmisbruk, og at mora strevar og kjenner press frå å forsørge med ressursar og helse som blir tært på.

Kjenner du Becker? er ei historie om vennskap, mot, løysingar og maskene vi tek på oss når ting er for vanskelege. Den handlar om stjernebilde i taket og mjuke små dverghamsterar i handa.

Tale får ein venn i Becker. Ein venn som får henne til å finne plassen sin, bruke stemma si, kjenne glede, tryggleik og å kunne få og gi omsorg. Mamma og Ragnhild er varme og tydelege vaksne som støttar og er med på å finne gode løysingar for Becker.

Boka endar med ein ny start for mor og Becker i leilegheita. Far skal vere borte og få hjelp og behandling.

Elen Betanzo (1984) er forfattar, journalist og har studert nordisk språk og litteratur. Kjenner du Becker? er den fjerde utgjevinga hennar.

Dette er ein varm, morosam, men dramatisk barneroman for mellomtrinnet 9 til 13 år. Bruk han gjerne tilpassa.

Kategoriar

Fleire boktips

Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Ørjan Zazzera Johansen: Erling Braut Haaland frå liten til størst
9–12
Guro S. Auganes: Katteskriket
9–12
9–12