Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gerard Van Gemert: Fotballgudane 1, 2 og 3

Fotballgudane er serien om bestevenane Stein og Storm som begge er dyktige spelarar på laget FK Rapitas.

I første boka, Kampen om pokalen, kjem Stein og Storm i konflikt med deira største rivallag: Stutane. Utfordringane står i kø både heime og på bana, og det viser seg at følgjene ikkje berre blir ein kamp om meisterskapen.

I andre boka, Farleg spel, reiser Stein, Storm og resten av laget til London for å sjå semifinalekampen mellom Kick 69 og Petchwood United. Her står ei ny runde med fart og spenning for tur når kjeltringar tek grep for å hindre at sigeren går til Kick 69. Stein og Storm blir fanga i eit farleg spel når uventa hendingar utfoldar seg.

I tredje boka, Utfinting, er Stein og Storm på treningsleir i lag med førti andre spelarar for å førebu seg til det europeiske meisterskapet for aldersbestemte landslag. Av desse, får tjueto spelarar reise vidare til meisterskapet i Barcelona. Men kva skjer når Stein overhøyrer noko han absolutt ikkje skal vite om? Og kva kan dette ha å seie for sjansen deira til å spele i meisterskapet? Utfinting byr på små og store konfliktar, og Stein og Storm blir nøydde til å gi seg ut på kanten av lova for å finne ei løysing.

Serien Fotballgudane er gode og fengjande bøker som er særskilt aktuelle for fotballinteresserte jenter og gutar. Men forteljingane formidlar òg universelle tema som venskap, konfliktar og kjærleik, og bøkene står soleis som sterke bidrag for alle lesarar i målgruppa.

Utdrag frå bøkene:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12