Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Heidi Marie Vestrheim: Jenny Fender

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Likar du røffe gitar-riff, svarte T-skjorter og rock and roll? Lyttar du til høg musikk og prøver å få til ein kul sveis? Veit du kanskje kva ein Fendergitar er? Det gjer i alle fall Jenny Fender, ein alt anna enn roleg og forsiktig sjetteklassing. På bussen heim frå leirskule viser ho heile klassa kor tøff ho er, saman med bestevenninna Signe Casio. Rockemusikarar lever eit kult, men hardt liv, det veit Jenny Fender. Dei bryt reglar og snakkar på ein spesielt kul måte. Jenny Fender, som er inspirert av faren sin, vil ikkje vere noko dårlegare. Når ho finn ein sneip på bakken, må den sjølvsagt røykast. Ikkje alle ideane er like gode, og etter ein del oppkast på bussen kjem jentene heim til dei to nabohusa langs den stille vestlandsfjorden. 

På bussen heim har Jenny og Signe lova kvarandre høgt og tydeleg at dei ikkje skal få nokon klissete kjærastar, dei skal vere bestevener for alltid, starte band og opptre på ekte rockekonsertar verda over. Slik vert bandet Naboskap til. Vel heime blant fjordar og frukttre, skaffar faren til Jenny Naboskap ein ekte spelejobb som oppvarmingsband på den lokale Siderfestivalen. Her må det øvast og skrivast nye songar! Alt i alt det ser ut til å bli ein knakande kjekk sommar! Men som ofte i livet, er det ting som skjer, og desse løfta skal bli vanskelege å halde. For kva er det eigentleg med Signe Casio? Det verkar som det er noko ho har på hjartet, noko som ho ikkje heilt får til å fortelje. 

Heidi Marie Vestrheim har skrive ei lettlesen og fengande bok om rockejenter utanfor allfarveg. På mange måtar er dette ei såkalla «coming of age»-bok, der jentene står på terskelen mellom barndom og ungdom, og ting som var så sjølvsagde som barn, er ikkje alltid like sjølvsagde som ungdom. Og korleis skal ein greie å vere ein god bestevenn når ting skjer og nye kjensler lever sitt eige liv?  

Boka høver godt for born i alderen 914 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys. Ein fin ting med denne boka er at kvart kapittel har sitt eige lydspor, så har du ein Spotify-konto, kan du lytte til musikk som høver til dei ulike kapitla. Høyr lydsporet før du les kapittelet , så kjem du i rett stemning! Kanskje finn du noko musikk du ikkje har lytta til før?

Framtida.no har laga eit intervju med Heidi Marie Vestrheim som du kan lese her

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12