Eg blir berre sittande og sjå ned i skriveboka mi. Kva jula er for meg? I år blir det i alle fall berre å vente. Jula er lik venting. Jula er å håpe at Rania ikkje gløymer meg når ho er i Pakistan. Jula er ei skinande julekule med glitter på den eine sida og stjerner på den andre, og idet du tek tak i ho, går ho i knas mellom fingrane dine. (Guåker 2026:65)
Dette er den andre boka om Stella. Ho bur saman med mor si, og dei har dårleg råd. I same blokk bur Rania, som er besteveninna til Stella, og den koselege nabodama Hillevi. Det nærmar seg jul, men Stella (11 år) gler seg ikkje. Vanlegvis har Stella og mora feira jul saman med Rania og Hillevi, men i år skal naboane reise vekk. Stella lurer på kven ho og mora skal feire jul saman med i år.
Stella bestemmer seg for at ho vil leige ut rommet sitt. På den måten kan dei både få inn ein ekstra person å feire jul med, i tillegg til leigeinntekter. Dette viser seg å vere lettare sagt enn gjort, fordi det viser seg å vere fleire raringar som er på jakt etter ein stad å bu.
Biblioteket er ein viktig stad for Stella. Ho skriv ned tankane sine på ein lapp som ho finn i ei bok på biblioteket. Ho vert overraska når det er nokon som svarer på lappen.
Målgruppa for Stella-bøkene er barn i alderen 9–12 år. Begge bøkene inneheld fine illustrasjonar av Oda Valle. I den første boka, Stella står i det, tel Stella ned til 11-årsdagen sin der mora har invitert heile klassen. I den andre boka, Stella seier sanninga (stort sett), tel Stella ned til jul. Ein kan lese bøkene uavhengig av kvarandre.
Begge bøkene tek lesaren med inn i tankane til hovudpersonen Stella. I den første boka tenker Stella mykje på korleis andre oppfattar både henne og mora. I den andre boka er Stella redd for å miste besteveninna Rania og venen Isaac. Sjølv om Stella møter utfordringar i livet som til dømes frykta for å kjenne seg einsam, så kan ho alltid kome heim til mora, som er klok, omsorgsfull og full av kjærleik. Bøkene løftar også fram verdien av gode vener, gode naboar og gode fellesskap.
Utdrag frå boka:



