Stella er ti år, snart elleve. Ho bur i ei blokk i Ramnekroken saman med mor si og er besteven med Rania og Isaac. Stella trivst i blokka og på staden ho bur, ho elskar at det berre er å gå to dører bort til Rania. I hagen er det grønsakspallar og frukttre, og livet kjennest eigentleg ganske fint. Ho og mora har dessutan eit sterkt og godt nettverk rundt seg. Men innimellom blir Stella mint på at heimesituasjonen hennar skil seg frå dei andre sin.
Mora dykkar i søppelkontainarar etter mat, lagar brenneslesuppe og trålar Finn etter gi-bort-ting. Ho meiner det er meiningslaust å kjøpe nytt når det finst så mykje fint som folk kastar eller gir vekk. Oftast går det heilt greitt, men likevel gjer dette at ho skil seg frå dei andre foreldra. «Mamma jobbar med tal,» seier Stella. Men i røynda er det heimebudsjettet mora strevar med, og det går aldri heilt opp.
På overnattingsturen med klassa skjer det som ikkje skulle skje: Mora til Stella inviterer like godt heile klassa til bursdagen til Stella. Stella blir ståande mållaus. Har mora gløymt korleis det gjekk sist?
Stella og Rania skjøner fort at dei må lage ein backup-plan for bursdagsfeiringa, for kva om mor til Stella har migrene den dagen festen skal vere? Rania og Stella legg ein plan for å sørgje for at bursdagsfesten kan bli gjennomført uansett kva forfatning mor til Stella er i.
Sjølv om Stella stort sett har det fint, blir ho stadig mint på at den stramme økonomien heime gjer at ho skil seg ut. Det viser seg i dei utslitne joggeskorne, den lånte soveposen og det tomme kjøleskåpet heime. Bursdagsfesten er det som svir aller mest. Ho veit at om klassa kjem heim til dei, vil alle straks skjøne korleis situasjonen eigentleg er, både med mora og økonomien. Og det er ei avsløring Stella ikkje kan risikere.
Stella står i det er ein underhaldande, varm, velskriven og samstundes litt sår roman om korleis det er å vere barn når økonomien er stram og heimesituasjonen er litt annleis. Trass i at mora til Stella er sjuk og ufør, blir ho skildra som ei sterk og handlekraftig kvinne. Ho imponerer med kreative løysingar, skarp teft og ein styrke som er både mental og fysisk. Det er trass alt ikkje mange foreldre som kan bere ein Finn-kommode heilt på eiga hand, er det vel? Mora står i det, men det tek litt tid før ho fullt ut forstår kva Stella sjølv må stå i.
Romanen tek opp tema som venskap, ulikskap og fellesskap, og set lys på skiljelinjer i samfunnet som mange barn både er opptekne av og råka av. Stella står i det er verken trist eller tung å lese, men klarer likevel å løfte fram tema som det er viktig å snakke om og reflektere kring. Tematikken gir barn noko å kjenne seg att i, og kan opne opp for gode samtalar om kvardagsliv, mot og fellsskap. Bruk boka i skulen!
Utdrag frå boka:
Intervju med Helene Guåker
Kvifor bør barn og ungdomar lese boka di?
Fordi det er ei artig bok om ein litt alternativ familie. Stella og (spesielt) mora er langt frå A4, og eg tenkjer at dei som også kjem frå familiar som ikkje er A4, kan kjenne seg att. Stella prøver å skjule for alle kor dårleg råd dei har, og det same trur eg mange barn og unge kan kjenne på for tida. Samtidig prøver både Stella og mora å halde motet oppe, sjølv om det ikkje alltid er like lett.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Eg er litt alternativ sjølv, kan ein vel seia! Sidan eg er forfattar, har eg valt eit liv med låg og ustabil inntekt, og eg har sjeldan råd til å kjøpe nye ting. Dessutan er eg aleinemamma, akkurat som mora til Stella.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Som eg nemnte i det fyrste spørsmålet, så trur eg at dei som føler at dei ikkje passar inn i ein firkanta boks, kan ha stor glede av å lesa boka. Men også andre, som får ta del i ei verd dei ikkje kjenner så godt.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for 9–12-åringar?
Det kan nok vera så mangt, men for meg må boka ha eit godt (interessant og gjennomarbeidd) språk, og ho må ha ei engasjerande historie og ein hovudperson som lesaren vil vel. Og så bør boka ha relativt korte kapittel, mykje luft, avsnitt og litt større bokstavar enn i f.eks. vaksenbøker, og ein font som er lett å lesa.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Full bajas av Ingunn Thon er ei ellevill bok om perfekte Orion som aldri gjer noko gale. Ikkje lenge før han skal spela ein veldig viktig konsert på fløyta si, klikkar det for han. Han blir rett og slett heilt bajas. Komisk og lettlesen bok om det å ta livet litt mindre alvorleg. Eg trur mange kan finne trøyst i å lesa ei sånn bok. Ein treng verkeleg ikkje vera perfekt, nokon gong!



