Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingunn Thon: Full bajas

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Orion Sigerstad er 11 år og vil vere perfekt på alle område i livet. Han er høfleg mot alle, har eit ryddig rom, går berre over vegen når det er grønt lys, og gjer alt rett på skulen. Orion speler fløyte, og han drøymer om å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. For å få plass der må han imponere ein talentspeidar under ein stor konsert.

Utfordringane byrjar idet Orion vaknar på konsertdagen. Plutseleg har han blitt heilt bajas. Når han skal seie god morgon til foreldra, så brøler han i staden. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Han kjøper godteri for tusenvis av kroner i kinokiosken. Og kanskje verst av alt: Orion speler ikkje ein einaste riktig tone på fløyta. Korleis skal dette gå?

Boka passar godt for barn i alderen 9–12 år. Historia om Orion er spennande og inneheld mange humoristiske situasjonar. Samstundes kan ho få lesarane til å tenke over kva forventningar vi har til oss sjølve og andre. Boka handlar også om kor frigjerande det er å gjere det ein sjølv ønsker.

Arbeid med boka:

Full bajas er delt inn i 27 korte kapittel og er fin til høgtlesing i klasserommet. Boka er illustrert av Maja Kjellstad Antonsen. Historia passar godt til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Ein kan til dømes samtale og/eller skrive om:

  • Kva vil det seie å vere perfekt?
  • Kva vil det seie å vere perfekt uperfekt?
  • Kva er ei forventning?
  • Kva forventningar har du til deg sjølv?
  • Kva forventningar trur du vaksne har til deg?
  • Sjå føre deg at du skal gjere alt perfekt og feilfritt ein heil dag. Korleis hadde du følt deg den dagen?
  • Sjå føre deg at du kan gjere akkurat som du ønsker ein heil dag. Kva ville du ha gjort den dagen?

Utdrag frå boka:

 

 

 

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12