Kamilla Staurland: Sprettball

Kamilla Staurland: SprettballForeldra til Lotte har flytta frå kvarandre. Mamma bur på øya Gruveland, medan pappa bur i Stavanger. 11 år gamle Lotte bur mesteparten av tida med mamma, men annakvar helg tek ho båten for å vere saman med pappa. På båten møter Lotte ei ny jente, som heiter Mia, og dei vert raskt gode vener. Lotte gler seg til å vere saman med pappa, men plutseleg kjem Margrete frå jobben til pappa inn i biletet. Storebror Nils har flytta for seg sjølv og kjem sjeldan på besøk. Lotte skulle ønske at alt var som før, då mamma og pappa var kjærastar, og Nils budde heime.  

Mamma og pappa la ikkje merke til det, korleis dei behandla henne som ei leike dei kunne krangle om. Men Lotte kjente det på kroppen. Ho var ein sprettball dei kasta att og fram. For kvart kast skulle ho berre ønske dei kunne miste grepet. Miste følgje med ballen, slik at ho kunne forsvinne i ein augneblink og puste. (Staurland 2025: 119)     

Gjennom boka Sprettball får lesaren ein godt innblikk i tankane til eit barn som opplever at foreldra skil lag. Samstundes er det ei forteljing som viser kor viktig venskap er, både mellom menneske og mellom menneske og dyr. 

Intervju med Kamilla StaurlandKamilla Staurland

Kvifor bør ein lese boka di?

Boka tar opp eit tema som mange kan relatere seg til, skilsmisse. Anten om ein sjølv har opplevd at foreldra går frå kvarandre, eller ein kjenner nokon som har opplevd dette. For eit barn kan det å lese om nokon som går gjennom det same, kanskje vere til trøyst, og kanskje hjelpe med å setje ord på det dei opplever som rart og vanskeleg med det heile.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Boka starta som ein del av bacheloroppgåva mi. Eg ville skrive oppgåve om korleis meir alvorlege tema blir formidla til barn gjennom litteratur. Kvifor eg enda på skilsmisse, handlar om at eg sjølv kjem frå ein familie der mamma og pappa skilde lag då eg var lita. Dermed vart det naturleg for meg å ta tak i dette emnet og prøve å skildre ein slik situasjon.

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?

Vanskeleg spørsmål, ikkje sikkert det er dei openberre. Men eg trur historia er vel så mykje for vaksne sjølv om det er ei barnebok. Eg trur det er ei bok som kan vere fin å lese saman – vaksne og barn. Eg tenkjer også at boka vil treffe dei som kan kjenne seg att i hovudkarakteren Lotte. Kanskje det å kjenne på utanforskap og litt uro. Og eg håpar at Lotte kan gi ei slags kjensle av håp til den som les og kanskje kjenner seg att.

Kva meiner du kjenneteiknar ei god barnebok?

Det enkle svaret er noko som fenger, som tek opp tema som barn er interesserte i. Det meir utdjupande svaret er at boka spelar på lag med barnelesaren. At det kjennest som at barnet blir teke på alvor og sett. Det kan vere å basere ei heil handling på promp slik som Doktor Proktors prompepulver av Jo Nesbø, eller å skildre skilsmisse som ein krig slik som i Krigen av Gro Dahle og Kaia Dahle Nyhus. Som barn opplever ein ting som skjer, annleis enn vaksne, i og med at erfaringsgrunnlaget er annleis. Då kan det ein som vaksen ser på som lite, opplevast svært alvorleg for eit barn. Gode barnebøker er bevisste på dette. Samstundes er det viktig å ha karakterar med lag, som er interessante for den som les.

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse barn om å lese, og kvifor?

Eg er veldig glad i dei meir klassiske barnebøkene, som Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren eller bøkene om Mormor og de åtte ungene eller Ole Aleksander Filibom-bom-bom av Anne-Cath. Vestly. Dette er bøker eg meiner skildrar påfunna til barn på veldig godt vis. Som lita gav dei meg mykje glede å både lese og høyre som lydbok. Og framleis kan eg få glede av å gå tilbake til desse bøkene. Også Den løyndomsfulle hagen av Frances Eliza Hodgson Burnett set eg høgt. Det er ei bok ein kan drøyme seg litt vekk i.

Kategoriar

Fleire boktips

Anders Totland: Mamma på dass
9–12
Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten
intervju
Aina Basso: Før det blir morgon
intervju
Kari Stai: Flokken
9–12