Kari Stai har gjort det igjen! For tredje gong får me møte ettertenksame, underfundige, omsorgsfulle Juri.
I 2021 kom Passe happy. I 2025 kom Flokken. Og i 2026 kom altså Raringen.
Juri er i overgangen frå barndom til ungdom, og det set han i mange situasjonar han må gruble på:
Kor interessert må ein vere i ei jente for å seie ja til å verte kjærast?
Når er det ok å takke nei til gruppa for å sykle sin eigen veg?
Og kva i all verda skal ein gjere når ein vert forelska i den dobbelt så gamle vikaren?
Boka inneheld ti forteljingar som kan lesast kvar for seg, men dei bygger på kvarandre. Kari Stai har både skrive og illustrert boka, og klarer godt å få fram både varme, skepsis og tvil i samspelet mellom tekst og bilete.
Mange av desse forteljingane opnar for samtalar som ein kanskje elles ikkje ville hatt. Eg må skrive det same om Raringen som eg skreiv om forløparen Flokken: «I ei ideell verd får alle barn mellom 9 og 13 år lese denne boka saman med ein trygg vaksen.»



