Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Karin Moe Hennie: Ninjana – det store skredet

Dette er den første boka i serien om Ninjana, jenta som bur i lag med mormora si i Valle i Setesdal, trenar på ninjakunster,  kler seg i setesdalsbunad og har skjulte våpen i nasjonaldrakta. Ingen i bygda veit at Ninjana og mormora er ninjaer, og ingen må heller nokon gong få vite det. Dei to bur i lag i ei hytte på fjellet, saman med lemenet Lemi og reinsdyret Reini. Som i alle eventyr kan også desse to dyra snakke. I alle fall kan Ninjana og mormor skjøne kva dei seier. Dei to ninjaene har som mål å halde bygda nedanfor dei trygg, og dei gjer sitt beste for å greie det. Men bygda sin lensmann, Lensmann Homme, er mest oppteken av å kome i avisa. Derfor tek han alltid æra for alle saker som vert løyste, eller alle tjuvar som vert fanga. På skulen skryt dottera hans av kor flink faren hennar, lensmannen, er. Og Ninjana, som heiter Nina når ho er på skulen, kan ikkje seie noko om at lensmannen lyg, og at det slett ikkje er han som er helten i bygda.

Første gongen vi møter Ninjana, er ho i ferd med å stanse eit innbrot. To tjuvar har teke seg inn i ei hytte og er i gang med å forsyne seg av det dei kan finne der inne. Lite veit dei om at Ninjana følgjer med dei frå utsida og snart skal setje ein stoppar for planen deira. Det er sjølvsagt lensmann Homme som tek æra for å ha fanga tjuvane. «Eg er så lei dette opplegget. Lei av at alle trur at den latsabben Lensmann Homme er den som ryddar opp. Ein dag skal eg fortelje dei sanninga, og dei skal få vite det eigentlege namnet mitt … kviskra Ninjana.» Men ingen kan få vite om hemmelegheita. Ikkje eingong bestevennen hennar, Vetle. 

Ei natt vaknar Ninjana og mormor av eit fælt drønn! Heile hytta ristar, og dei innser at det må vere eit stort snøskred på veg. Lemi og Reini har sett det heile, og dei kjem med ein frykteleg beskjed: «Det kjem til å gravlegge heile bygda.» Ninjana innser at det er ho som må redde bygda frå snøskredet. Mormor er for gammal for eit slik oppdrag, og sjølv om det er eit vanskeleg oppdrag for ein ung ninja, må Ninjana gjere det ho kan. Saman dreg ho, Reini og Lemi for hindre snøskredet i å gravlegge  bygda. Dei har inga tid å miste. Men vil dei greie det? Og korleis? Og kven vil i tilfelle ta æra for å ha greidd det?  

Det siste kapittelet i boka gir eit frampeik til neste bok i serien, Ninjana – den sakna turisten. Og heilt på slutten kan ein også lese starten på denne boka. Men om ein vil vite korleis det går vidare, må ein lese bok nummer to.

Bokserien er i utgangspunktet skriven på bokmål, men er blitt omsett til nynorsk. Dessverre har ikkje forlaget gjort ein god nok jobb når det gjeld språkvask, og det er ein god del feil i den nynorske omsettinga. Boka er likevel lettlesen, med stor skrift og luft mellom linjene. Kvart kapittel har fine, store illustrasjonar laga av Borghild Fallberg.  

Kategoriar

Fleire boktips

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn
6–9
Marit O. Kaldhol: På ei trapp i universet
6–9
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
Ørjan Zazzera Johansen: Historia om Erling Braut Haaland
9–12