Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ørjan Zazzera Johansen: Historia om Erling Braut Haaland

Opplegg til boka:

Tid for ti 2024: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka
Tid for ti 2023: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Historia om Erling Braut Haaland kjem til å treffe jenter og gutar som er interesserte i fotball. Boka er lettlesen og inneheld fleire illustrasjonar som er laga av Thomas Kirkeberg. Lesarane får også sjå bilete frå karrieren til Haaland.  

Erling Braut Haaland vart fødd sommaren 2000. På den tida var faren, Alf-Inge Haaland, fotballproff i Premier League i England. Både faren og mora kom opphavleg frå den vesle byen Bryne i Noreg.  

Då Erling var tre år gamal, flytta familien tilbake til Bryne. Erling elska å spele fotball heilt frå han var liten gut. Fotballklubben på Bryne spelte ei viktig rolle for den unge spelaren. FK Bryne sin trenar, Alf-Ingve Berntsen, hadde ein filosofi om at dei ville ha med flest mogleg, lengst mogleg, for at spelarane skulle bli best mogleg. Undervegs i boka får lesarane tips om kva dei kan gjere for å utvikle seg som fotballspelarar.  

I Historia om Erling Braut Haaland får vi vite korleis ein gut frå vesle Bryne kunne bli ein av dei mest ettertrakta fotballspelarane i verda. Her får vi høyre meir om tida i Molde Fotballklubb, Red Bull Salzburg, Borussia Dortmund, spel for landslaget og om korleis Haaland følgde farens fotspor til Manchester City der historia utspelar seg no.   

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12