Oskar Kroon og Hanna Klinthage: Kvitveis og pissrotter

Oskar Kroon: Kvitveis og pissrotterOmsett frå svensk av Mari Reinholt Aas

Krister er den fine storebroren som fortel om solsystem og astronomi, og som prøver å bygge ein robot saman med veslebroren Kaj. Men ikkje alle gutane toler at Krister har andre interesser enn dei. Det er dei tre mobbarane Sakke, Krabbe og Gurgel som er pissrottene i historia.

Kaj og venninna Naima prøver fleire gonger å seie ifrå til vaksne på skulen, men dei klarer berre å stoppe enkeltepisodane. Dei får ikkje has på mobbinga. Kaj vil også be faren om hjelp, men Krister nektar han å gjere det.

Det er Kaj som fortel historia. Han elskar og beundrar storebroren, og ønsker for alt i verda å hjelpe han ut av mobbinga. Etter kvart snik det seg samstundes inn ei vond skamkjensle av å vere veslebroren til ein som vert mobba.

Det meste av handlinga skjer i den trygge heimen med faren som alltid er snill, men litt tafatt, og på den utrygge skulen, der mobbinga stadig vert verre. I tillegg likar hovudpersonane å henge på søppeldynga, der far til Naima jobbar og dei kan leite etter delar til roboten dei bygger.

Kaj går på SFO, og dermed antakeleg på småtrinnet. Krister går på mellomtrinnet. Boka passar godt for barn frå 9 år, og ho har kvalitetar som gjer ho interessant også for ungdom og vaksne.

Kvitveis og pissrotter er ei bok som kan opne for viktige samtalar. Det er ei sår og godt fortald historie om mobbing og utanforskap, sett med blikket til ein veslebror.

Kategoriar

Fleire boktips

Rakel Helmsdal: Torebrak
9–12
6–9
Stella står i det av Helene Guåker
9–12
Overtrykk 2025
6–9