Rakel Helmsdal: Torebrak

Rakel Helmsdal: TorebrakOmsett frå færøysk av Lars Moa

Vi blir tekne med på innsida av eit hus med fire leilegheiter. Aurora (15) bur saman med faren Marinus og veslebroren Kaspian (8). Over dei bur Enara og Sirje (8) som har flykta frå eit anna land. Under dei bur pianisten Madame Iris som har budd der lenge. I den siste leilegheita bur unge Viktor som held seg mest for seg sjølv.

Gjennom forteljinga får vi vite meir om alle dei sju personane som bur i huset. Aurora og Kaspian er prega av at mora deira flytta ut for to år sidan, det tynger også faren Marinus. Mora fann seg ein ny mann som ho fekk tvillingar saman med. Enara og Sirje ber med seg opplevingar frå å leve i eit land i krig. Madame Iris er enke og saknar ektemannen sin. Viktor opplevde noko i barndommen som pregar han.

I byrjinga av forteljinga er det lite kontakt mellom personane i dei ulike leilegheitene, bortsett frå Kaspian og Sirje som er bestevenner. Ei natt kjem det eit valdsamt torevêr, morgonen etter er Sirje vekke. No må alle i huset samarbeide for å leite etter Sirje.

Boka er skriven og illustrert av Rakel Helmsdal. I dei ulike kapitla vert det veksla på kven som har eg-forteljarstemma. På den måten får vi som lesarar eit veldig godt innblikk i alle personane sine tankar og historier, og kva dei tenkjer om kvarandre. Dette er ei spennande forteljing som passar godt for målgruppa 9–12 år.

Kategoriar

Fleire boktips

Oskar Kroon: Kvitveis og pissrotter
9–12
6–9
Stella står i det av Helene Guåker
9–12
Overtrykk 2025
6–9