Dette er bok nummer to om tiåringen Tore, men boka kan også lesast frittståande. Som i Den mystiske krukka inneheld også Havørna fleire trådar som blir fletta saman, til dømes historiske fakta, naturvitskap, relasjonar og andre spennande element. Tore og Gabriel har lyst til å delta i ein fotokonkurranse om å ta det beste naturbiletet. Det er berre eitt problem, dei har ikkje telefon. Preben derimot, han har telefon, og er fast bestemt på at han kjem til å vinne. Tore skulle så gjerne ha sett ei havørn, og aller helst teke bilete av ei! Gabriel er mindre oppteken av fuglar, han er mest interessert i steinalderting.
Preben og vennene plagar Gabriel ofte, og Tore må samle saman mykje mot for å tore å seie ifrå til Preben. Mobbinga gjer at Tore og Gabriel ofte vil vere for seg sjølve, og derfor byggjer dei ei fuglekikkarhytte ved nausta. Då Preben og dei andre øydelegg denne, finn dei seg ein ny stad for hyttebygginga. Men er det ein trygg stad å gøyme seg vekk?
Havørna er ei spennande bok med korte avsnitt og litt stor skrift, og passar godt for gutar og jenter i 10–14 årsalderen. Framsideillustrasjonen appellerer til målgruppa og gir små frampeik på den akkurat passeleg lange historia.