Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Thoralf Fagertun: Familien Gnork

Familien Gnork er ei fartsfylt historie om venskap, fotball, store krokodillar med gnistrande tenner, flygande blåkvalar og irriterande klysegutar. Her må ein berre henge på, for den humørfylte forteljinga tek stadig nye vendingar og overraskar lesaren gong på gong!   

Tom saknar bestevenen Martin, som har blitt alvorleg sjuk og har hamna på sjukehus. Dei to venene spelar fotball på same lag, og no står mykje på spel. Laget til Tom skal spele mot Klyselaget, eit lag der dei rike, fisefine gutane spelar. Klyselaget har betre trenarar og betre utstyr, Tom og Martin brukar å tape mot dette Klyselaget. Den verste klysa er Preben med musefletter og solbleika tenner, og han har alltid ein frekk kommentar. Faren til Preben er av same ulla. Han er ufordrageleg, har også musefletter, og hobbyen hans er å skyte dyr i jungelen. Tom undrar på korleis det skal gå på fotballkampen utan Martin. 

Heldigvis dukkar det opp ein ny gut på skulen. Han heiter Kompis Gnork, og er litt av ein spøkefugl. Han fortel ville historier, som ofte viser seg å vere sanne. Tom håper at han spelar fotball. Og det gjer han! Men fotball er ikkje den einaste interessa til Kompis. Det vitnar den meterlange, gul- og raudstripete giftslangen han har i skulesekken, om.   

I huset til familien Gnork er det liv og moro. Familien serverer kreative vegetarianske rettar og har levande vesen som kravlar fram overalt i huset. Men familien Gnork har fleire hemmelegheiter. Ikkje berre er dei gode i å lage jungelmedisin av merkelege ingrediensar, men dei har også eit oppdrag. Dei er ute etter hemn!  

Familien Gnork er ei ellevill historie om fotball, kjærleik til dyr, venskap, edderkoppjakt og naturmedisin. Forteljinga er full av action og humor, med islett av magi, men ikkje alt er rosenraudt. Boka handlar også om å vere alvorleg sjuk på sjukehuset, å sakne nokon og å sørgje over kjæledyr. Personane i boka er lett overdrivne og sette på spissen, noko som bidreg til den humoristiske stilen. Samtidig er boka lett å lese, det er ikkje for mykje tekst på sidene, og dei mange illustrasjonane i svart-kvitt gjer at det vert lettare å fylgje med i historia. Av og til må ein også gjette kva som eigentleg skjer, for forteljinga røper ikkje alt med ein gong. 

Kategoriar

Fleire boktips

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn
6–9
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
Ørjan Zazzera Johansen: Historia om Erling Braut Haaland
9–12
6–9