Trude Tjensvold: Misty åleine

Trude Tjensvold: Misty åleineHunden Misty lever eit trygt og godt liv saman med guten Ruben og familien hans, men når krigen i landet deira når fram til byen der dei bur, må dei flykta. I kaoset kjem Misty bort frå menneska sine. Utstyrt med ein god nase og godt pågangsmot byrjar Misty dermed ei spanande reise på jakt etter Ruben og resten av familien. Undervegs gjennom det krigsherja landskapet opplever Misty mykje dramatisk. Ho får sjå kor fælt eit desperat menneske kan handla, men òg korleis menneske kan finna plass til det glade og gode i elles triste omstende. Og Misty sjølv utfører fleire heltemodige handlingar som reddar menneskeliv.

Boka tek opp eit aktuelt tema, men gjer det i form av ei handlingsmetta og spanande forteljing av det klassiske slaget.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Kamilla Staurland: Sprettball
9–12
Anders Totland: Mamma på dass
9–12
Kari Stai: Flokken
9–12
Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12